Kommunal Rapport intervjuet Aina Borch

Britt Sofie Hestvik fra Kommunal Rapport intervjuet vår nye rådmann. Klikk på linken for å lese hele intervjuet, som sto i KR 10/2009.

Aina Borch


Arbeidsavtale: Åremål på 6 år

Fallskjerm: Nei

Sivilstand: Gift, tre barn

Utdanning: Allmenlærar

Praksis: Lærar, kulturkonsulent, prosjektleiar for ungdomsprosjekt og næringsutvikling, coach, fylkessekretær i Finnmark Arbeierparti.

Bustad: Havøysund

- Dette er fyrste rådmannsstillinga du har. Hvifor ville du bli rådmann?

- At rådmannsstillinga i heimkommunen vart ledig var viktig. Det å vere rådmann er å vere i eit spanande krysspunkt mellom politikk, samfunn og organisasjon. Og Måsøy er ein kommune med god økonomistyring. Det gir handlingsrom. Her er det potensiale og rom for vekst.

- Enkelte er imponert over at du allereie kan svare på det meste. Kor hardt har du jobba for det og kor viktig er det for deg?

- Eg har jo brukt ein del tid på å setje meg inn i saker. Og mykje tid på å snakke med folk i samfunnet her og i organisasjonen. Det er viktig at eg har overordna innsikt og ei meining om korleis ting kan prioriterast og løysast. Det betyr ikkje at eg kan alt i detalj.

- Nedgang i folketalet er ei stor utfordring for Måsøy. Hva for utsikter har du til å gjere noko med dette?

- Mobiliteten blant folk flest har vore stor over tid. Mange kommunar slit med det same som oss, spesielt i distrikta. Spørsmålet er korleis vi gjer oss attraktive for utflyttarar og eventuelt heilt nye innbyggjarar. På den eine sida er det lett å falle inn i det negative, men det er ein del motkrefter i samfunnet her no som ynskjer å gjere noko med det. Det er eit godt utgangspunkt. Vi må ikkje se oss blind på dei som dreg av garde, men ta vare på dei som blir buande. Det hadde vore bra å funne nokre gode prosjekt som mobiliserer lokalsamfunnet, for det er ikkje berre kommunen sitt ansvar dette, vi må klare å løfte det ut til innbyggjarane våre. Det hadde vore utruleg artig å lykkast med det.

- Kva er dei største utfordringane på kort sikt?

- Rekruttering av helsepersonell. Der har vi ein stor jobb å gjere. Det er stor slitasje på dei få vi har i sektoren. Vi må mobilisere blant ansatte så vi kan ha eit rekrutteringsteam. Vi har sjukepleiarpakke, det skortar ikkje på tiltaka, men det er likevel vanskeleg å finne menneska. Det er andre faktorar enn økonomisk stønad som er viktige.

- Du avvikla akkurat det andre formannskapsmøtet ditt.

- Det handla i hovudsak om tiltakspakka og oppgradering av kommunale bustadar. I tillegg til tiltakspakka tek vi opp lån og brukar av fonds for å skape arbeidsplassar og ta vare på bygningsmassen. Det blir eit 20-25 års prosjekt. At husa ser ok ut har noko å gjere med å skape ei positiv haldning framover.

- Korleis vil det mangeårige politiske engasjementet ditt påverke måten du utøver rådmannsstillinga på?

- Eg vil tru at det er ein styrke at eg kjenner det politiske systemet og saksgangen. Opposisjonen har uroa seg, det var sjølvsagt spørsmål på jobbintervjuet om dette. For meg handlar det om engasjementet. No flyttar eg fokus frå politikk til ei meir administrativ rolle.

- Kva gler du deg mest over i den nye jobben?

- Eg gler meg mest til å jobbe med menneska i systemet. Folka er den viktigaste verdiskaparen i samfunnet; det gjeld tilsette, innbyggjarar og politikarar. Det handlar om å lytte og vere ryddig i prosessane. Og klare å snu ei negativ folketalsutvikling.

- Kva slag leiar er du?

- Eg inkluderer og involverer; eg er ein leiar som lyttar. Eg ynskjer å vere handlekraftig, tydeleg og i stand til å ta avgjersler.

- Korkeis ynskjer du å bli hugsa som rådmann?

- Som handlekraftig, som ei som tør å ta avgjersler og stå for dem, sjølv om alle ikkje kan bli nøgd. Eg vil bli hugsa som ei som kjørte gode og ryddige prosessar og skapte engasjement.

- Hvis du blei redaktør for eit nummer av Kommunal Rapport. Kva ville du prioritere?

- Eg ville skrive om det som er mogleg innan helsesektoren og utviklinga i folketalet. Eg veit ikkje heilt korleis, men spesielt i finanskrisetider gjeld det å sjå kva som er mogleg. Blant tema for kommunedagane no er samhandling og teknologi kjempespanande, tenk på telemedisin for eksempel. Eg forstår at ein 23-åring kanskje ikkje vil heim til helsesenteret og dei utfordringene som er der no. Men eg trur vi kan gjere det meir attraktivt gjennom teknologi og fleire oppgåver ut til kommunane. Eg har veldig stor tru på reformen til Bjarne Håkon (Hanssen); at folk får behandling der dei er, er viktig for både brukarane og rekruttering av helsepersonell.

- Kva er favorittnettstadane dine?

- Eg brukar google mykje, i jobben min er KS sitt oppslagsverk ein kjemperessurs, nokre nettaviser les eg jo, og facebook kan vere eit nyttig kontaktpunkt - og som rådmann. Det er ftil dømes danna ei gruppe som heiter Havøysund, kor eg har testa stillingsutlysing. Da blei eg gjort til administrator i gruppa! Det er ein kjempemoglegheit.

- Kva gjer du på fritida?

- Da er eg saman med familien, eg likar å halde meg i form og eg les litt og.

- Du får velje kven du vil ha med på ein middag for to. Kven veljer du?

- Halvor Fossum Lauritsen. Han har i mange år fasinert meg i høve til hjelpearbeid og Røde Kors sitt arbeid i verda. Han framstår som ein inspirerande mann.

- Kva for ei bok vil du anbefale? Og kvifor?

- «En bedre dag i morgen» av Ishmael Beah. Forfattaren vaks opp i Kongo, og boka sier noko om korleis vi formast av omgjevnadene, og korleis ein kan gjere noko med det når ein får rom for det.

Skjema