Tsunami på Rolvsøya

Forskere, blant annet Anders Romundset fra Universitet i Tromsø, var på Rolvsøya ved påsketider, og mange lurte naturlig nok på hva de drev på med. Rolvsøya var noe av det første landet som dukket fram etter istiden for 20. 000 år siden. Forskerne fant svært gamle skjell. I tillegg ble det oppdaget avsettinger av en tsunami.

Dette skriver Anders Romundset ved Universitet i Tromsø:

  

Vi undersøkte tre innsjøar ved Tufjorden. Eg fekk greie på at dei rette namna er Storvannet, Lillerundvannet og Badevannet. Vi henta opp lange sedimentkjerner frå botnen av innsjøane. Eg er ute etter å finne ut kva tid havet nådde opp i dei ulike innsjøane, og det speglast i kva slags materiale som er avsett på innsjøbotnen til dei ulike tidene.

 

I tillegg er Rolvsøya spennande fordi ho ligg så langt ute på kysten. For omlag 20.000 år sida låg innlandsisen heilt ut til kontinentalskråninga i Barentshavet, men da var istida slutt, og isen begynte å smelte i kantane. Rolvsøya var naturleg nok noko av det tidlegaste landområdet som dukka opp frå under isen. Det vil si at dei aller eldste/nederste laga med materiale i innsjøane på øya er svært gamle, samanlikna med det meste av Norge.

 

I kjernene vi tok har vi m.a. funne store skjel som truleg er veldig gamle, og for oss som forskar på geologi og istidshistorie er dette frykteleg spennande. Prøver av skjela er allereie sendt til C14-datering, og vi får veta kor gamle dei er i løpet av august.

 

Eit anna funn vi gjorde, er avsettingar frå ein tsunami som er omlag 8000 år gamle. Det gjekk da eit enormt undersjøisk skred ved Storegga utanfor Sunnmøre, som utløyste tsunamien. Det er funne spor etter denne hendinga på Vestlandet, i Skottland, på Shetland og Færøyane, men frå før er det ikkje funne lenger nord enn Hommelstø i Nordland. At tsunamien nådde Rolvsøya er derfor eit viktig nytt funn, og det hadde nok store konsekvensar for steinaldermenneska som budde på finnmarkskysten.

 

Det vidare arbeidet med materialet skjer på laboratoriet i Tromsø, og om det er interesse for det, kan eg informere meir etter kvart. Eg har også samla inn liknande materiale frå Sørøya, Magerøya og Nordkinn, så det er mykje å ta tak i framover.

 

Skjema